NO SKAL DET VERE NORSK OG TRADISJONELL MAT

Skogsbonde Pernille Vea i tyttebærlyngen rett utenfor døra

Eli Strand i Nynorsk pressekontor intervjuet nylig meg og to av samarbeidspartnerne i FoodLessons, ferskvaresjef Espen Lie i MENY og professor ved SIFO Annechen Bahr Bugge om mat og forbrukertrender:

Heilnorsk i vinden

Sjøl om vi nordmenn et veldig mykje pizza og taco, er det heilnorsk mat som er i vinden. Norske og kortreiste råvarer er det dei vil ha.

Uro og bekymring

Vi søkjer det trygge og vante no i desse urolege tidene. Det er i det heile tatt mykje uro blant forbrukarane, mykje skam og dårleg samvit for at matvala våre får negative konsekvensar.

Heiar på bonden

No er det viktig at råvarene er norske og at matproduksjonen støtter opp om lokale arbeidsplassar. (…). Norske arbeidsplassar og sympati med bonden er kanskje den største grunnen til at vi vel norsk mat, men det er også høy tillit til den norske maten generelt. Bruk av plantevernmiddel og antibiotika og dyrevelferd er også viktig for forbrukaren.

Lokalmat aukar

Åtte av ti seier vi bør ete meir lokalmat. Ferskvareansvarleg i MENY, Espen S. Lie merkar godt denne trenden og butikkjeda melder om at 7,4 prosent av maten dei sel er lokalmat. – Spesielt etter oste-VM i Trondheim der fleire norske handverksostar gjorde det sterkt og vi til og med fekk ein verdsmeister, merkar vi at kundane blir meir opptekne av norske gode råvarer.

Skogsbær

Veksten har vore på fantastiske 40 prosent ut av butikk. (…). Resultatet viser at kundane vil ha produkt som utelukkande er laga av norsk frukt og bær, seier Pernille Vea, som saman med mannen tek i bruk ressursar som finst i nærområdet rett utanfor syltetøyfabrikken. Fleire har blitt meir bevisste på at lokalmat kan bidra til å redusere miljøbelastninga knytt til matproduksjon og dei vil gjerne støtte opp om lokale arbeidsplassar.

Vegantrenden

Ferskvaresjefen i MENY ser ingen teikn på at vi går mot ein vegansk trend. Kanskje går det litt mindre biff for tida, men det er meir slik at folk heller vi ha noko spesielt når de skal unne seg litt kjøtt. Då vel dei seg gjerne eit kjøtstykke som er tørrmodna og kanskje dei vil ha ein spesiell kjøttrase, fortel Lie.

Heile dyret

Kundane er meir og meir opptekne av å bruke heile dyret. – Vi sel stadig meir av det som på engelsk heiter «ugly parts», slik som til dømes culotte, skirt steak og flat iron steak. Dette er stykningsdelaer som tidlegare gjekk i kjøttkverna.
Når luksusrestaurantene i til dømes Trondheim set blodpudding på menyen, er det eit teikn på at det skjer ting der ute.
Velg norsk i dag, så har du mat på bordet også i morra!

Eldre poster Nye poster

Legg igjen en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres